NYE KONTRAKTER TIL SCANA PROPULSION

Scana Propulsion har sikra kontrakter for levering av reduksjonsgir til to Ankerhandteringsfartøy (AHTS) for Grupo CBO, Brasil, og for eit komplett framdriftsanlegg for ombygging av ein trålar til Harvest Fishing, UK. Kontraktspartnarar er Sotreq SA, i Brasil og Karstensens Skibsværft i Danmark. Den totale kontraktsverdien er ca. 25 mill NOK.

SCANA PM 121224Scana Propulsion og Sotreq SA, Brasil har signert kontrakt for levering av reduksjonsgir til to AHTS til Grupo CBO i Brasil. Denne kontrakta er ein erklært opsjon frå den opprinnelege kontrakta på gir til fire skip som har blitt levert frå fabrikken i Volda i 2015 og 2016. Skipa er av Havyard 843 design frå Havyard Design & Solutions AS, i Norge. Leveransen frå Scana Propulsion er for twin-screw dieselmekanisk framdriftssystem drive av Caterpillar MaK motorar. Utstyret skal leverast til Grupo CBO sitt verft Oceana i Itajai i Brazil, i Q3 og Q4-2017.

Scana Propulsion og Karstensens Skibsværft, Danmark, har signert kontrakt for levering av framdriftssystem som består av gir, propell, dyse og kontrollsystem for ombygging av trålaren “Harvest Hope” til Harvest Fishing, UK. Utstyret skal leverast frå Scana Propulsion sin fabrikk i Volda innan Q2-2017.

“I ei tid med få kontrakter til offshore segmentet, er vi takksame for at Grupo CBO erklærte opsjonen på utstyr til to AHTS, og glade for å kunne annonsere at Scana Propulsion sikra kontrakta på reduksjonsgir”, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Scana Volda. Pettersen legg vidare vekt på at selskapet er stolte og takknemlege for å ha oppnådd gode kontrakter innan både nybygg og ombygging i eit vanskeleg år med rekordlav ordreinngang og generelt sterk konkurranse om kontraktene. “Scana Volda er i ein lovande posisjon for 2017 då vi langt på veg har fyllt opp produksjonskapasiteten dei første 3 kvartala”, seier Hallvard Pettersen. Inge Bøen, CEO i Scana Propulsion, bekreftar ein positiv trend med aukande ordrereserve hos porteføljeselskapa til Scana Propulsion.

© 2024 Norwegian Maritime Exporters